Posts Tagged ‘livet’

Tre år

Tuesday, January 5th, 2010

Det er faktisk tre år sidan mamma døydde. Eg skjønar det eigentleg ikkje, for det kjennast då ikkje så lenge ut?

Eg bytta nyleg mobiltelefon, den gamle hadde eg hatt i fleire år, og av ulike grunnar måtte eg legge inn nummera frå den gamle telefonen manuelt. Då gjekk det opp for meg at eg framleis hadde mobilnummeret til mamma lagra. Og det gjorde vondt å avgjera at eg ikkje skulle ha det med over til den nye telefonen, at eg faktisk ikkje hadde bruk for det nummeret meir …

Eg saknar deg, mamma. Tre år er kort tid og alt for lenge på ein gong.

Siste feriedag i år …

Thursday, October 8th, 2009

No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på!

Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong tenkt på det som eit reisemål, det har alltid vore så langt unna og så dyrt, men då Tor Inge skulle dit, vart det enklare. Og det “verste” er at det kjennast ut som ein ting eg gjerne gjer fleire gongar!

Minneapolis var ein triveleg by, eg kjente meg eigentleg heime der ganske kjapt, sjølv om ting naturleg nok var annleis enn eg er van med. Eg kom jo dit på fredag i eitt-tida, og Tor Inge skulle ikkje koma til byen før laurdagen i to-tre-tida. Med andre ord hadde eg eit heilt døgn åleine. Det skremte meg litt på førehand, men då eg fyrst var der, var det heilt greit!

Eg sjekka inn på Hilton Garden Inn Minneapolis Downtown og kom til dette flotte rommet:

Her gjekk det verkeleg an å vere!

Noko av det fyrste eg gjorde, var å ta ein spasertur i “nærområdet”. Eg fann handlegata Nicollett Mall, og då var eg jo oppteken ei god stund. Noko av det fyrste eg handla, var forresten ein Acer aspire one til USD 299,-, og den måtte eg jo berre ha med meg attende til hotellet.

Å ete middag åleine offentleg er noko av det verste eg veit, men med amerikanske prisar kunne eg kosta på meg room-service, og det var herleg:

Kyllingfilét. kvitlauksbrød, salat, is-vatn og Corona! Og Criminal Minds på TV.

Eg tok tidleg kveld grunna tidsskilnaden, då klokka var 19 i Minneapolis var ho trass alt 02 her heime, så eg var temmeleg gåen etter å ha reist sidan tidleg om morgonen …

Laurdag vakna eg (stygg-)tidleg, men takka vere TV, pc og kaffitraktar på rommet, gjekk det ganske greit å få tida til å gå. Så vart det amerikansk frukost (egg i alle variantar, bacon, rista brød, donuts, frukt, juice, kaffi …) før meir byvandring på eiga hand, medan eg venta på Mannen:

I Downtown Minneapolis er det bygd “skyways” over bakkeplan slik at du kan gå varmt og tørrskodd i handle- og forretningsstrøket uavhengig av veret:

Då mannen kom, var lukka fullkomen! ;) Det var herleg å treffast att etter ei veke frå kvarandre, og det var heilt topp å ha ei veke i lag, berre vi to.

Laurdag kveld dressa vi opp oss og åt på ein fin restaurant, Ruth’s Chris Steakhouse. Der åt vi nydeleg middag, drakk utsøkt vin (2006 Francis Coppola Claret, Diamond Collection) og hadde kaffe og is/sorbet til dessert. Veldig vellukka og kjempehyggeleg! Servitørane svevde rundt oss, og nesten usynleg passa dei på at vi alltid hadde alt vi skulle ha.

Etter dette gildet, vandra vi ein tur i den varme kvelden, og ved ei vakker fontene ein flott park, fridde Tor Inge til meg. Det var faktisk heilt uventa, men veldig kjærkome. Han hadde til og med kjøpt ringen på førehand, så no er vi trulova!


Biletet over vart teke av ein tilfeldig forbipasserande, som gjerne tok bilete når han fekk høyra kvifor. :)


Resten av veka brukte vi berre på kos, vi gjorde akkurat det vi ville når vi ville, og det var ei uvant oppleving.

No er ferien over, og i morgon er det jobb att. I dag vakna eg med migrene, så det er på tide å ta kvelden, slik at eg er opplagt i morgon. Og snart er det helg att!

Barmhjertighet?

Wednesday, September 23rd, 2009

Eg har vore på etikkseminar på HiNT med Marie Aakre i dag. Ho prata om etikk og verdival i praksis, og i den samanhengen nevnte ho omgrepet “barmhjertighet”. Dei yrkesetiske retningslinene for sjukepleiarar stadfestar:

Grunnlaget for all sykepleie skal være respekten for det
enkelte menneskes liv og iboende verdighet.
Sykepleie skal baseres på barmhjertighet, omsorg og respekt
for grunnleggende menneskerettigheter.

Marie Aakre ville vi skulle tenkje igjennom kva ordet “barmhjertighet” tyder for oss. Dersom det ikkje seier oss noko, har det vel heller ingen ting i retningslinene å gjere, og då bør ein jo vurdera om det kanhenda bør bytast ut med noko anna?

På kveldsvakta svirra ordet i hovudet mitt, og det var vanskeleg å setja fingeren på kva ordet tyder for meg. Det er meir ei kjensle eg får inni meg når eg høyrer det, enn det er noko spesifikt som eg kan bruka andre ord for å definera. “Barmhjertighet” leier tankane til den barmhjertige samaritan frå Bibelen, han som stoppa når andre gjekk forbi. Det næraste eg kom ein definisjon på eiga hand, var at det å vere barmhjertig er å yta til den andre det han treng der og då utan å ha tanke om å få noko attende for det.

Då eg kom heim, googla eg ordet, men vart ikkje klokare. The free dictionary seier kort at “barmhjertighet er å være vennlig og god“. Bokmålsordboka definerer det som “miskunnhet, nåde, overbærenhet”, men desse orda er heller ikkje lettare å handtera enn det fyrste.

Til sist måtte eg fram med boka “Med andre ord”, og då fekk eg hjelp til å sortera tankane:

Barmhjertighet: miskunn (makt), medynk, medkjensle, godhug, godt hjartelag, hjartevarme, kjærleik, nåde, skånsemd, velgjerd, forbarming, toleranse …

No har eg ikkje ein gong teke med alle orda, men for meg er dette det eg treng for å formulera grunnlaget for sjukepleie slik eg forstår det:

Sjukepleie skal baserast på godt hjartelag/hjartevarme/velgjerd/medkjensle, omsorg og respekt for grunnleggande menneskerettar.

Og når eg skriv det slik, ser eg jo at det er nettopp slik eg ynskjer det skal vere.

Takk til Marie Aakre for ein flott ettermiddag som verkeleg sette tankane i sving!


Stakkars bloggen!

Monday, January 26th, 2009

I eit liv som vert meir og meir travelt, er det bloggen eg ikkje tek med tid til. Førre veke arbeidde eg 5 dagar og var på skule 2 dagar. Og så har eg vore på arbeid i dag. Men no har eg fri “heilt” til onsdag klokka 15. ;)

Eg fekk eit innfall her før jul, og fann ut at eg ville bli ein betre vegleiar. Som sjukepleiar har eg jo ofte studentar, og det å ikkje kjenna at ein greier å ta hand om dei på best mogleg måte er litt slitsamt. Difor oppdaga eg plutseleg at eg hadde meldt med på “Vegleiingspedagogikk I” på HiNT. Det er deltids- og samlingsbasert, og fyrste samling var førre veke. Det var både spennande og interessant, og litt godt både å sitje i klasserommet og i kantina att. -Men det aller beste var då eg skulle handla bøker, for dei var det arbeidsgjevar som skulle betala. :)

Vi får sjå om eg greier å finna meir å blogga om etter kvart, men nett no er hovudet tomt. Ha ei god veke, folkens!

Takk for det gamle!

Wednesday, December 31st, 2008

I dag er siste dag i 2008, og då er det på tide med ei kort oppsummering av bloggeåret som har gått!

I januar kasta eg ut juletreet rekordtidleg, eg og Tor Inge var på skitur og vi feira både bursdagar og at jula var over med pepparkakehusknusing.

I februar fekk eg blomar frå mannen og gryteklutar frå dottera i morsdagsgåve. Tor Inge sette forstandet stilt i meg då eg plutseleg og uventa fekk valentinsgåve, så då er det kanhenda ikkje så viktig at han ikkje har nytta dei 1460 dagane enno? Februar var forresten veldig mild, og ungane var ute med syklane

Bulleråsrennet gjekk av stabelen i mars, og Hulda var med for fyrste gong. Eg strikka både spidey-lue og -vottar,  og vi hadde mange flotte turar i herleg ver i påska.

I april vart vår kjære Synnøve brått sjuk, men heldigvis gjekk det bra! Eg designa mi fyrste lua, the bathat denne månaden, og Oddvars båt kom på sjøen att.

I mai fann eg plutseleg ut at eg ville sy, og det har eg ikkje slutta med etterpå … Og vi feira så klart nasjonaldagen!

Hytteturen i juni var herleg, og mot slutten av månaden reiste stor-ungane åleine med toget nordover.

I juli fekk vi nok eit prov på kor store ungane er då dei var på telttur åleine i marka. I tillegg fekk vi med oss Spelet om Heilag Olav, og det var ei flott oppleving!

August var ein herleg månad med blåbertur i Volhaugen og ferietur til Jøssund. Vesleguten min som er 6 år i dag(!!!) byrja på skulen, og berre eg ser bileta, kjenner eg klumpen manifestere seg i halsen min. Ja, og så var det jo denne månaden vi fiska hund midt på natta …

Ny bil vart det i september, og Even grubla litt om tenner og tannfeen.

Eg kjøpte ny pc i oktober, og synte fram meg sjølv som lita.

Vinteren kom i november, og vi byrja gle oss til jul!

I desember vart bloggefrekvensen heller laber, men eg fann ein flott blogg som var ny for meg og koste meg med juleførebuingar.

Dett var dett på årets siste dag! Kva har du lyst til å nemna frå året som gjekk?

Takk!

Thursday, November 13th, 2008

Eg hadde slett ikkje forventa så mange kommentarar på mitt førre innlegg, men det gjorde godt!

Eg er glad eg delte tankane mine, og glad for at de tør å gje tilbakemelding på det.

No vert dagane ljosare att, og det er like godt kvart år. Å våge å sjå inn i det svarte holet, og vita at det finnast ljos på utsida gjer noko med meg. Og menneska som tenkjer på meg denne tida, gjer at det heile er lettare å bera. Så; takk!

Novemberhimmel i brann

Wednesday, November 5th, 2008

Måndag kveld såg det slik ut her:

Bileta er teke frå trappa her heime. Eg elskar denne utsikta!

Gratulerer med dagen!

Wednesday, September 17th, 2008

Tor Inge er 37 år i dag. Gratulerer med dagen, kjærasten min! <3

Straumbrot

Wednesday, September 3rd, 2008

Når straumen er borte på grunn av uver oppdagar ein kor avhengig ein er av han.

I kveld har eg vorte påmint om at

  • det er mørkt i Trøndelag i September
  • eg ikkje veit kor lommelykta er til ei kvar tid
  • dei fleste talglysa eg har, har ei eller anna lukt
  • det er ikkje mogleg å bruka korkje mikrobølgeovn eller vasskokar til å varma te-vatn viss ein ikkje har straum
  • når TVen ikkje virkar på grunn av straumbrot kan ein heller ikkje sjå ein DVD for å få tida til å gå
  • … og ikkje bruka datamaskina heller
  • Sjølv ikkje radio fungerer dersom den ikkje har batteri!

Eg likte det eigentleg ikkje så godt, men sjølv eg ser at det er ei nyttig påminning av og til! (Og det er lett å seie når straumen er attende) ;)

Fyrste skuledag

Monday, August 18th, 2008

Even har hatt sin fyrste skuledag i dag. Det var spennande for både han og meg …

Ganske mange sommarfuglar i magen, trur eg.


Humøret hans betrar seg mykje medan vi ventar på å få gå inn. Her gjer han jo til og med triks til ære for fotografen!

Då vi endeleg kom inn, vart det litt for mykje prating før det hendte noko spennande …


Men endeleg fekk han fram og helsa på undervisningsinspektøren og ein av lærarane!

Even vart kjempeglad då hans gruppe, prestekragane, fekk ei faddergruppe som stesyster var ein del av. Det gjorde dagen enno betre (og tryggare …)!

Han var fornøgd då dagen var over, og samstundes gler han seg visst til å gå på skule i morgon. “Å du får itj vårrå me mæ inn assa mamma, æ vil gå sjøl!”

Og attende står mamma, som har sendt minsteguten sin ut i verda, med ein stor klump i halsen … Lykke til, vesle mann. Må verda vera god mot deg. Det fortener du!