Evens middag

I dag var det Even sin tur til å laga middag, og vi vart samde om at han kunne laga fiskekaker (med litt hjelp). Eg brukar denne oppskrifta frå tante Gunvor (Norum) si oppskriftsbok: Som de ser, tilrår tante ei matmølle, men det har eg ikkje, så her vert det gjort litt mindre enkelt, men [...]

God middag!

Her i huset et vi litt for lite fisk, i mine auge. Då eg var lita var det fisk på menyen iallfall annakvar dag. Det er det ikkje no lenger. Men av og til er det ekstremt godt med fiskemat, og då er saltfiskekaker ein favoritt. Ingrediensane er som du ser over; kokt, salt fisk [...]

Matpakkespisevise

Even var litt uheldig på turdagen denne veka. Han hadde med seg ein youghurt og eit eple til mat, og hadde visst gleda seg på det. Men kva hender? Youghurtboksen hadde gått i stykker (nede i sekken, så klart!), og epla han då fann ut at han skulle trøysta seg med, var gamal med brune [...]

Oreokake

Av kommentarane til førre innlegg, ser eg at nokre er litt nyfikne på denne kaka, så eg tenkte eg skulle ta på spanderbuksene og dele oppskrifta med dykk. Det “vanskelegaste” med oreokaka er at ho er tidkrevande, det er så sabla mykje venting mellom kvart “lag”. Her er ingrediensane: 1 pk. Philadelphia original (200 gr.) [...]

Travel fridag

I dag har eg hatt fri, så eg tenkte eg skulle baka ein gjærkrans til foreldremøtet i kveld. Når eg fyrst var i gang, bakte eg 4 brød òg. Og midt i dette gløymde eg å passa godt nok på kransen i omnen, så den vart veldig mørk! SÅ mørk skal den ikkje vere! Det [...]

Likestilling ved grytene!

Ofte når eg er på tur heim etter arbeidstid, slenger eg ut av meg at eg skal “heim for å sjå om nokon har laga middag til meg”, og ofte når eg seier dette får eg reaksjonar som “Åh? Er du så heldig du?” eller “Har du verkeleg ein mann som lagar middag?” Dette undrast [...]

Sjokoladekaramellar

Eg har “baka” i dag, her er eitt av glasa: Eg har kokt karamellar. Det er tidkrevande, men verdt strevet! Oppskrifta eg nyttar fekk eg på news (“njus”) for lenge lenge sidan. For dei yngre: “News” er ei forkorting for “newsgroups” som var den einaste måten å utveksla meiningar på før nettforum, bloggar og facebook [...]

Økomat og decluttering 51 og 52 av 365

Vi har byrja abonnera på økologisk mat frå Økomat Innherred, så annakvar veke får vi pakker med mat levert på døra. Her ser de nokre av varane vi fekk i dag: Alt smaker fantastisk, og det er verdt pengane. Dessutan et ungane masse av dette! Til dømes er tomaten spesielt god trur eg, for det [...]

(Ønske)reprise

I 2002 publiserte eg ei oppskrift på “Heit haustgryte”, men på grunn av redirect-funksjonen, greier eg ikkje å få fram denne oppskrifta att, så her kjem ho i ønskereprise, sjølv om det kanhenda er berre eg som ønsker. Sånn heilt ærleg: Eg er dårleg med supper. Eg skulle jo laga suppe til middag, men resultatet [...]

Herleg frukost

Seint i går kveld gjorde eg noko eg aldri har gjort før; eg laga deig til rundstykke som skulle heve over natta. Eg nytta litt mindre gjær enn vanleg, samt kald deigvæske, men elles var det nett som å baka “vanlege” rundstykke. Eg baka dei ut, sette dei på steikeplate, la plast over og sette [...]