Posts Tagged ‘nordiske føtter’

Nordic feet #1

Sunday, October 11th, 2009

Merete har drege i gang ein ny runde med “Nordiske føter“, og eg vil vere med!

Temaet i dag er haust, og det var jo lett, med ein haug med haustlauv ute på gardsplassen. Eg hadde eigentleg ein plan om å ha på meg fjellsko og gå ut og ta fleire “blinkskot” av lauv og føter, men vart litt meir i tvil då naboen kom heim. Greit nok, han veit vel eigentleg at leigebuarane hans ikkje er heilt som alle andre, men å springa rundt i fjellsko med speilreflekskamera og berre ta bilete nedover, trur eg kunne fått sjølv han til å undra meir enn godt er. Difor vart det berre ein snartur i støvlane til stor-guten (som er mange nummer for store), men her er det iallfall haust:


Lauvet har ungane raka i dag for å kunne hoppa i det etterpå.


Graset burde vel eigentleg ha vore klipt ein gong til før snøen kjem ..?


Det er ikkje til å kome unna, vi må nok ta ein ryddedag ute snart!

Kvar er dine føter når det er haust?