Posts Tagged ‘oktoberrosa’

Boka til mamma

Thursday, October 11th, 2007

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er “brystkreftmånaden” får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura – lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava “for salt og sul”
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela – - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

Løp og kjøp!

Friday, October 5th, 2007

Fram til søndag kveld klokka 22 kan du kjøpa lekre handlaga ting i Oktoberrosaauksjonen. Desse gjenstandane er laga av kvinner rundt om i Noreg, og dei er gjeve bort til auksjonen for at pengane vi betalar kan gå direkte til Foreininga for brystkreftopererte. Her er det masse flott! Ta turen innom og gjer gjerne litt av julehandelen her, så kan du i tillegg til å gjere andre glade, få betre samvit sjølv.

Flygeblad

Wednesday, September 19th, 2007

denne sida finn du eit flygeblad om Oktoberrosa-aksjonen. Skriv det ut og legg det på ulike stader. Sjølv tenkjer eg å henga det på oppslagstavla på jobben iallfall. :)

Bloggar som får ein til å tenkje

Wednesday, August 15th, 2007

Av og til hender det at eg dumpar innom bloggar som verkeleg får meg til å tenkje over livet. Bloggen til Betty er ein av desse. Denne kvinna har vorte operert for brystkreft, og i bloggen sindeler ho tankar om livet og ikkje minst det å Leva (med stor L!).

Betty vart òg intervjua i programmet Det skjedde i de dager, som kan høyrast via nettradioen til Nrk via denne linken. Klikk på programmet som gjekk den 11.08.07 for å høyra programmet.

Rosa sløyfe-aksjonen

Wednesday, August 15th, 2007

Kvart år i oktober skipar Kreftforeninga og Foreninga for brystkreftopererte aksjonen “Rosa sløyfe” i Noreg for å setja fokus på brystkreft og å samla inn pengar til forsking.

Tidlegare år har eg støtta aksjonen ved å kjøpe rosa sløyfe eller andre ting som har vore relevante. I år har eg kome over ein kanskje meir spennande måte å ta del i dette på (men eg lover ingen ting enno …): Oktoberrosa!

For å bli med, skal du laga noko sjølv som kan selgast på Qxl, og inntektene går uavkorta til Foreninga for brystkreftopererte.

Kanskje dette er noko å tenke på for kreative sjeler der ute?

Påminning

Wednesday, October 25th, 2006

Stø kampen mot brystkreft!
Denne kreftforma er den som kvinner i Noreg vert hyppigst råka av, og statisktisk vil ei av tolv kvinner få brystkreft.
Di raskare ein oppdager at ein har brystkreft, di betre er prognosane.
Raud sløyfe-aksjonen skal visa solidaritet med brystkreftramma og i tillegg vere ein måte å samla inn pengar til forsking og brystkreftrelaterte prosjekt på. Dette er difor ei oppmoding til dei som enno ikkje har handla ei sløyfe; løp og kjøp!