Posts Tagged ‘potet’

Helga er over

Monday, October 6th, 2008

I helga har vi mellom anna drive med potetopptaking. Vi har ikkje så stor ein flekk, men vi sette ned 96(?) potetar, og fekk ei avling på omlag 25 kilo! Alle tok del i potetopptakinga, og Even var storfornøgd med potethausten. “Det her e jo heilt patetisk sa han. I ettertid har eg funne ut at fantastisk truleg var ordet han leita etter. ;)

Og i tillegg til å vere potetbonde har eg sydd litt. Eg måtte ha ei stor mappe til eit sjal eg strikkar på:

Eg er nøgd sjølv og ho funkar flott!