… iallfall når det passar ho … “Gå tur” sa fysioterapeuten, og i dag gjorde eg nettopp det. Veret var strålande, så det var heilt flott å gå i skogen. Det var køyrd med traktor langt innover i skogen, så det var fint å gå. Og sanneleg såg eg nokre kunstverk i laupet av turen [...]
Det merkelegaste er slett ikkje at eg ropar ned frå loftet og spør hunden kva han held på med. Det merkelegaste er at eg faktisk står og ventar på at han skal svara meg.
Ta meg med på tur: Når tur-selen er på, ventar han i spenning. Diverre (eller heldigvis?) har ikkje biletet lyd, elles hadde de høyrd pistringa! Det vart ein kort tur, grunna kald vind og sol som forsvann! Det kan henda hunden prøver å finna ly: Det er nesten så han har nasen meir under enn [...]
I dag sov eg heilt til 9. Det er lenge til meg å vere. Heldigvis hadde mannen vore oppe og sendt 4 ungar på skule før han sjølv skulle i veg. Langt bak i hovudet hadde eg nokre planar om å Gjere Noko i dag, før personalmøtet klokka 14 og seinvakta etterpå, men det er [...]
Då eg vakna i morges var det merkeleg stilt etter stormen som herja i natt. Og då eg såg ut, såg eg kvifor: Etter å ha køyrd to lukkelege ungar på skulen, og vore innom butikken og handla litt, fann eg ut at eg skulle gå tur med Reico. I kne-lang kåpe og dongeribukse var [...]
Tor Inge byrja etter ferien med å gå overtid på det fyrste kvelddskiftet. Med andre ord var han ikkje heime før i fire tida på natta eller noko slikt. Iallfall sov eg tungt då han kom inn og vekte meg, og eg forstod ekstremt lite då han sto der, fullt påkledd og eigentleg ganske oppkava [...]
I helga har eg hatt arbeidshelg, og så skal eg på arbeid i ettermiddag. Difor har eg nyta å vere litt lat i dag. Eg har drukke kaffi, ete frukost, bada meg, og i det heile gjort fint lite fornuftig. Reico som var sjuk på torsdag kvikna mirakuløst til i laupet av natta, og fredag [...]
Hunden Reico er ikkje frisk! Han peser, er uroleg, vandrar … Han har til og med vore ute og ete gras (det vesle som stakk opp av snøen) og kasta opp att. Han rullar seg og er tydeleg plaga stakkars. Og det verste er at han “far sjølv” som i utgangspunktet hadde denne hunden med [...]
“Nokon” synast veldig synd på seg sjølv … I ettertid har bandasjen vorte fjerna, noko som er ei soge for seg sjølv. Å fjerna bandasje frå poten til ein hund med angstanfall er definitivt ikkje lett! Ved første forsøk måtte vi gje opp, og dagen etter ringde eg dyrlegen. Han meinte vi burde komma dit [...]
Den tidlegare omtala sjuklingen var til dyrlegen, og slik vart resultatet: Då dyrlegen endeleg fekk sedert hunden (som forøvrig oppførte seg som om han trudde han aldri skulle koma heim meir), fann han ut at Reico hadde kløyvd ei klo på venstre frampote. Denne vart desinfisert og bandasjert, og Reico fekk penicillin og smertestillande. På [...]