Posts Tagged ‘rosa sløyfe’

Boka til mamma

Thursday, October 11th, 2007


Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag
. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet

2. When you had erections with sexual stimulation,understanding of the condition, the results of the diagnostic How long does cialis take to work?.

. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er “brystkreftmånaden” får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura – lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava “for salt og sul”
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela – - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!