Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon!

Eg hugsar ikkje når, og heller ikkje kven som ein gong tipsa meg om Kiva, men du skal ikkje sjå bort frå at det var her. Eg sette inn $25 på min “Kiva-konto” for Lenge Sidan, og etter den tid har eg lånt ut pengane ein 3-4 gongar. Tanken bak Kiva er at vi skal [...]

ABC i ord og bilete -I

Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei! I for Internasjonalen: Opp, alle jordens bundne trelle! Opp, I som sulten knuget har. Nu drønner det av rettens velde: Til siste kamp der gjøres klar. Alt det gamle vi med jorden jevner, Opp, slaver, nu til frihet frem! Vi intet var, men alt [...]

Hald det for deg sjølv?

Sjølv eg kjenner at eg er nøydd til å kommentera at Blondinbella fortel om eit seksuelt overgrep ho har vorte utsett for. Eg var innom Maria Mytterist sin knakande gode post om overgrep, og ramla derifrå inn til Blondinbella og hennes postar frå ho vart utsett for overgrep og dagane etterpå. I den nyaste posten, [...]

Gratulerer med dagen!

Slutt opp, kamerat, slutt opp om oss. Kamerat din plass er klar. Slutt opp om arbeidernes enhetsfront du som også er proletar! (Utdrag frå “Enhetsfrontsangen” av Brecht)

Sorgreaksjon som diagnose?

Tilfeldig ramla eg innom bloggen til Flopsy, og då vart eg merksam på eit ordskifte som har gått meg hus forni, nemleg “problemet” om sorg er ein diagnose, eller med andre ord, kan sorg gje rett på sjukemelding med tilhøyrande sjukepengar? Olav Gunnar Ballo som er lege uttalar at “Å gjøre sorg til en diagnose [...]

Stakkars Ida …

Eg må innrømme at eg synast litt synd på Ida. Denne dama som hadde så lite lyst på merksemd at ho ikkje ville offentleggjere namnet sitt på søkjarlista til stillinga som barneombod, har utvilsamt  vore mellom dei mest omtalte personane i Noreg dei siste dagane. No har ho gått i skjul, og før ho ein [...]

Løp og kjøp!

Fram til søndag kveld klokka 22 kan du kjøpa lekre handlaga ting i Oktoberrosaauksjonen. Desse gjenstandane er laga av kvinner rundt om i Noreg, og dei er gjeve bort til auksjonen for at pengane vi betalar kan gå direkte til Foreininga for brystkreftopererte. Her er det masse flott! Ta turen innom og gjer gjerne litt [...]

Er det noko å skryta av?

Eg høyrde Bush på TV nettopp. Han prata om suksess i Irak. I følgje Bush var det visstnok suksess at amerikanske styrkar hadde teke til fange eller drepe 1500 “fiendtlege troppar” per månad sidan januar i år. 1500 menneske kvar månad er anten drepne eller tekne til fange. Det vil seie at utan september, er [...]

Valdagen

I dag har eg og Tor Inge vore i Soltun grendehus og røysta. Diverre stilte ikkje partiet mitt noko liste til kommune- eller fylkesting denne gongen, så eg måtte finna eit alternativ. Det som var viktigast for meg denne gongen, var skule. Barneskulen er for liten, og det må byggast nye lokale, men usemja har [...]

Bloggar som får ein til å tenkje

Av og til hender det at eg dumpar innom bloggar som verkeleg får meg til å tenkje over livet. Bloggen til Betty er ein av desse. Denne kvinna har vorte operert for brystkreft, og i bloggen sindeler ho tankar om livet og ikkje minst det å Leva (med stor L!). Betty vart òg intervjua i [...]