Barmhjertighet?

Eg har vore på etikkseminar på HiNT med Marie Aakre i dag. Ho prata om etikk og verdival i praksis, og i den samanhengen nevnte ho omgrepet “barmhjertighet”. Dei yrkesetiske retningslinene for sjukepleiarar stadfestar: Grunnlaget for all sykepleie skal være respekten for det enkelte menneskes liv og iboende verdighet. Sykepleie skal baseres på barmhjertighet, omsorg [...]

Stor ståhei

… men ikkje for ingenting. I dag hadde eg dagvakt, og det var ei litt stressande vakt, så eg var sliten då eg var på heimtur. Eg måtte køyra Tor Inge sin bil, for Chrysler’n som hadde vore på verkstad, hadde kome ut frå verkstaden i verre forfatning enn han var då han kom inn. [...]

Kvardagstrøyst

I ein av “roteboksane” på kjøkkenet mitt ligg det fire lappar. Dei er frå eit gruppearbeid på sjukepleiarskulen. Vi var 5 på gruppa, og oppgåva gjekk ut på å ta for oss kvart enkelt gruppemedlem og seie noko positivt om denne personen. Spennande og interessant å trekke ut det mest positive med ein medstudent, og [...]

Yrkesskade

Ein forstår at ein går for mykje i Helsevesenets Uniform når planane om ein kopp kaffi i lag med ei dame frå jobben utløyser arkeologiske utgravingar i klesskapet for å finna noko som er presentabelt nok til meir enn å køyre til og frå arbeid …

Eksamensresultat

I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd. No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.

FERDIG!

I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar.

Jobbintervju

I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, [...]

Snart sjukepleiar …

No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve. Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er [...]

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var “Dagen i dag er byrjinga på morgondagen”, og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka “I morgen var jeg alltid en løve” som er ein sterk sjølvbiografi om korleis [...]