Stakkars bloggen!

I eit liv som vert meir og meir travelt, er det bloggen eg ikkje tek med tid til. Førre veke arbeidde eg 5 dagar og var på skule 2 dagar. Og så har eg vore på arbeid i dag. Men no har eg fri “heilt” til onsdag klokka 15. Eg fekk eit innfall her før [...]

Eksamensresultat

I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd. No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.

FERDIG!

I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar.

Ikkje heilt fornøgd

Eg var til vegleiing torsdag, og vegleiaren var ikkje heilt fornøgd med oppgåva. Ein del av drøftinga likna særs lite på drøfting, så det har eg prøvd å gjere noko med no. No er eg meir attende til den vanlege kjensla eg plar ha ved innleveringar; eg har ikkje peiling på om oppgåva er god [...]

Eg ser slutten

… på oppgåva. Det er ei veke og ein dag att til innleveringsdato, og i morgon skal eg på mi siste vegleiing. Eg håpar at vegleiar er samd med meg i at oppgåva ser (så godt som) ferdig ut. I så fall er det fint lite att å gjere, og det tyder at eg kanskje [...]

Oppdatering

Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når [...]

Meir bacheloroppgåve

Eg trudde eg hadde kome langt i oppgåva mi, då eg plutseleg oppdaga at det eg hadde gjort var direkte feil! Det eg trudde var drøfting, var slett ikkje det, det skulle inn i teorikapittelet, og det eg hadde skrive i teorikapittelet, høyrde ikkje heime nokon stad. Så då var det berre å fjerna ein [...]

Bacheloroppgåve

I desse dagar skal det skrivast bacheloroppgåva. Eg synast eg tenkjer på oppgåva heile tida, men det er vanskeleg å samanfatta alt og få det ned på data. Eg har til no stort sett ferdigstilt dei to fyrste kapitla; innleiinga og metode-kapittelet. Innleiinga må sjølvsagt reviderast etter kvart, men i grove trekk har eg avgjort [...]

Jobbintervju

I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, [...]

Snart sjukepleiar …

No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve. Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er [...]