Tilfeldigheitar ..?

Av ein eller annan årsak, gjekk eg i fleire dagar i dei to føregåande vekene og tenkte på Kirsti, som eg budde i kollektiv i lag med for ti år sidan. Eg undra meg litt over kvifor i all verda ho tok så mykje plass i hovudet mitt, men då eg var på seminar fekk [...]

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var “Dagen i dag er byrjinga på morgondagen”, og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka “I morgen var jeg alltid en løve” som er ein sterk sjølvbiografi om korleis [...]

Ut i praksis att

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før [...]

Skrytepost

I går fekk eg eksamensresultatet, og denne gongen er eg nøgd. Eg fekk B. Snittkarakteren i år var D, så det tyder vel at oppgåva mi var god. 2 personar hadde fått A og 19 hadde fått B. Litt interessant er det jo at av dei eg har prata med, er det vi med ein [...]

Eksamen er levert

No har eg endeleg levert heimeeksamen! Kvar på ni i dag ga eg frå meg papira, og det kjennast godt. No er det berre å vente i tre veker på resultaten. Men frå og med i dag har eg faktisk SOMMARFERIE, og det er ei herleg kjensle. Eg skal lese mykje anna enn fag og [...]

Travle dagar

No er eg attende i sjukehuspraksis att, etter nokre veker på skulen. Denne praksisen varer til slutten av mai, og rett etterpå er det eksamen. Må innrømma at det er slitsamt med praksis, loggar, oppgåver og så vidare. Du er ikkje på arbeid når du er i praksis. Du veit at kvar minste ting du [...]

Endeleg på nett!!

Då eg flytta,vart eg plutseleg utan breiband. Min tidlegare leverandør Bluecom kunne ikkje levera dit eg flytta, og då byrja panikken. Etter mykje om og men, fann eg fram til ein leverandør, Tafjord Mimer (TM). Dei var særs hjelpsame, og onsdag denne veka dukka det opp to(!) møntørar som ordna breibandslina mi. Diverre hadde TM [...]

Medisinsk praksis

No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det … Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg [...]

Praksis på sjukehus

No har eg vore i sjukehuspraksis i to veker, og eg stortrivast! Eg er på hjarteavdelinga på Medisin B, og kvar dag er like spennande og interessant. Eg byrjar få taket på puls, blodtrykk og temperaturmålingar, eg kan samtala med pasientane utan å vere redd for å seie dumme eller gale ting, og eg er [...]

Spennande tider

No går eg spennande tider i møte. Neste veke byrjar min fyrste sjukehuspraksis, og eg har ikkje peiling på kva eg går til. Det er stort og skremmande med mange utfordringar, som til dømes korleis ein skal rekka over alt, korleis turnusen min vert oppsett, korleis me studentar vert mottekne i avdelinga, og sist men [...]