Denne er til deg, Ruth (http://ullhedina.blogspot.com/), avdi statistikken min seier at det er sida di som genererer mest trafikk til sida mi. Takk skal du ha, og takk til alle besøkande! Legg gjerne att ein kommentar, det er så hyggeleg!
Eg har fått TAKK-gåve frå Mona på hobbyforum:Lekkert, ikkje sant? Kluten er nok for fin til å bli kjøkkenklut, så det kan henda den må bu på badet. Det bur jo trass alt fleire prinsesser/dronningar her i huset, så den passar perfekt! Både knappane, rosene og glittertråden vil nok koma til nytte. Tusen takk Mona!