Monica gjer som andre seier …

… iallfall når det passar ho … “Gå tur” sa fysioterapeuten, og i dag gjorde eg nettopp det. Veret var strålande, så det var heilt flott å gå i skogen. Det var køyrd med traktor langt innover i skogen, så det var fint å gå. Og sanneleg såg eg nokre kunstverk i laupet av turen [...]

Snart reiser eg hit:

Biletet viser “Downtown Minneapolis” og er lånt herifrå. Gubben er allereie i Minnesota på klassetur, og fredag reiser eg etter. Då skal vi ha ei veke i lag. Åleine. Utan ungar, hund, hus og heim å forhalda oss til. Det er nesten litt skremmande å tenkje på! Det har vi enno ikkje prøvd, så det [...]

Eg er ikkje åleine!

Eg ser at eg slett ikkje er åleine om å ikkje ha blogga dei siste månadene. Det ser ut til at dette er den store “Comeback”-helga for bloggane eg følgjer, så her er det berre å hive seg på! 223 bilete frå august seier vel sitt om at det har vore meir interessant å gjere [...]

ABC i ord og bilete -N og O

Dagane går så alt for fort (det er vel alderen …), så eg må ta to bokstavar på ein post. For å gjere det enkelt, let eg det vere eitt ord, samansett av to (leiker 20 spørsmål her no): N og O står for NaturOpplevingar: Tur til Marsteinsvola (442 moh). Det var langt og bratt [...]

Ny månad, nye moglegheiter

I dag er det plutseleg juni, og eg, Tor Inge og Even tok oss ein tur i skogen. Eg og Tor Inge var der i går òg (i mai! hihi), og prøvde fiskarlukka, og kunne konkludera med at det var fisk i vatnet: På turen i dag skulle vi undersøka ei myr, og så gå [...]

Favoritt-te i favoritt-kopp

Ta meg med på tur: Når tur-selen er på, ventar han i spenning. Diverre (eller heldigvis?) har ikkje biletet lyd, elles hadde de høyrd pistringa! Det vart ein kort tur, grunna kald vind og sol som forsvann! Det kan henda hunden prøver å finna ly: Det er nesten så han har nasen meir under enn [...]

På tide med oppdatering

Eg har ikkje vore heilt i “bloggeform” i det siste. Dagane har kome og gått litt for raskt for meg, og i tillegg til alt ein har lyst til å halda på med, må ein jo sanneleg på arbeid innimellom òg … Torsdag feira vi Hulda sin 10årsdag med jentene i klassen hennar. Dei vart [...]

Her kommer vinter’n

Då eg vakna i morges var det merkeleg stilt etter stormen som herja i natt. Og då eg såg ut, såg eg kvifor: Etter å ha køyrd to lukkelege ungar på skulen, og vore innom butikken og handla litt, fann eg ut at eg skulle gå tur med Reico. I kne-lang kåpe og dongeribukse var [...]

Blogging frå hotell

Eg og Hulda er på jentetur i samband med PPS-brukarforum. Vi er i Hovudstaden! Kom hit tidleg i dag, og har nytta dagen til å sjå i butikkar, handla litt (ikkje garn! Ikkje eitt nøste! Ikkje enno iallfall …), og vorte samde om at Panduro er vår favorittbutikk! Her bur vi: På Radisson Sas Scandinavia. [...]

Ferieturen

Her er eit knippe ferieminne frå veka i Jøssund i Flatanger: Even har underhaldning i ein traktor! Og Tor Inge har underhaldning i GPSen sin. Sjølvportrett! Blankare vert det nesten ikkje … Men attom oss ligg styggveret! Båtførar med navigatør(ar). Rekeaften. Det låg rekebåt ved kai i Lauvsnes då vi var der på handletur, og [...]