Posts Tagged ‘verdal’

Kjentmannsmerker i Verdal

Sunday, June 10th, 2012

I år er det visst populært å ta Kjentmannsmerket her i Verdal, og vi har kasta oss på!
Alle i huset har kvart sitt “klippekort”, så her er det berre å ut og gå. 10 postar gir bronse, 20 gir sølv og 30 gir gull. Berre 28 att!

Merke tatt? Stad Lengd Merknad
 Ja, 070612  Marsteinsvola  5,5 km  Gjekk frå veg-enden
 Tillerknoppen
 Leirsjøen
 Hærvola
 Malså gruver
 Juldalsetra Østre
 Rautun
 Guddingsskallen
 Spjeldberget
 Høgfjellstøtta
 Ja, 090612  Kråksjøen  9 km  Parkerte 400m lenger unna enn utg.punktet
 Stor Havren
 Steinsvåttån
 Kvindfjellet
 Lyngsvollen
 Helloporten
 Grønningen
 Hærmannssnasa
 Tuva
 Stongbakkvåttån i Sul
 Hyllfjellet
 Ørvillhøgda i Vera
 Tørrgranvola
 Sæterfjellet sør
 Tverråholman
 Flysetra
 Skjækerdalsgruva
 Åkervollgruva
 Våttåberget/Elnes
 Bragstaden
 Ryvollen
 Våttåhaugen
 Tronestangen
 Bjørkvatnet
 Lyngåsen
 Bergugleberget
 Hestgreivollen

På Marsteinsvola:
Marsteinsvola
Vi gjekk ein ettermiddagstur til Marsteinsvola med saft og kjeks i sekken. Ein god tur, med så mykje stigning at ein blir litt sveitt. Og særs godt å gå nedover att.

Frå turen til Kråksjøen:
kraksjoen1
Godt terreng å gå i!
kraksjoen2
Og ein fin stad å koma fram til:
kraksjoen3
Det var godt å varmt å gå oppover, og vi gjekk 9 km til saman. Det er lov å vere litt sliten då:
ringo

Spelet om Heilag Olav

Thursday, July 24th, 2008

Vilja de høyra kvea mitt
Og vilja de orda tru,
Om han Olav Haraldson
Skal songen her seg i snu.
Dansen dyn over vollen,
Så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn i Hildarting.

I går var vi og såg generalprøva på Spelet om Heilag Olav. Eg har sett det ein gong tidlegare, for mange, mange år sidan, men det er faktisk noko ein godt kan få med seg kvart år. (Og det høyrdest ut til at ungane var samde i det, trass i at det var både vått og kaldt)

Det var ei flott oppleving. Musikken til Paul Okkenhaug er så gripande at ein frys på ryggen fleire gongar, og med røysta til Eir Inderhaug som eit berande element vert det heile ei storslegen oppleving.

Det einaste eg vil setja fingeren på, er Lasse Kolsrud som kongen. Han vantar ein autoritet eg gjerne skulle sett. Kanhenda er det nettopp det regissør Stein Winge ynskjer, men eg synast kongen verkar litt for tafatt. Kolsrud har ikkje den utstrålinga i rolla si som til dømes Paul Ottar Haga eller Nils Ole Oftebro har hatt tidlegare.

Handlinga kjem godt fram i spelet i år. Det er ikkje levna tvil om kvifor Gudrun (Eir Inderhaug) har vorte gal, og heller ikkje om at ho faktisk er klarsynt, men når Winge fyrst har bestemt seg for at ho skal døy, hadde det kan henda vore mogleg å framheva enno betre kvifor ho vert drepen?

Og til sist; eg saknar kross-scena på sluten. Det fell litt i hop utan denne.

Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljoset
i Norden tent.

Er du i nærleiken, ta turen innom Stiklestad og få med deg årets spel. Det er det verdt!