Vårleg blogg!

Ute regner det konstant for tida, men på bloggen er det vår! Eg har endra litt, og takka vere WordPress sine geniale løysingar, er det veldig enkelt å skifta design innimellom. Vart det ikkje vårleg og flott no, kanskje? Så gløymer vi regnet ei stund. Det er iallfall fint ver ute å vere inne i!

Obligatorisk for helsepersonell

Eg er ikkje heilt sikker på kven som peika meg i retning av bloggen “Har du glemt meg, mamma?”, men eg er veldig glad eg hamna der! Bloggen omhandlar det å vere pårørande til ei relativt ung kvinne med demens. Det er dotttera sine tankar og røynsler vi får høyra om, og eg har lese [...]

Betre seint enn aldri

Muffin inviterte til handarbeidsfest. Dei andre starta visst festen klokka 20 i kveld, men eg har vore på jobb. Eg skal på jobb i morgon klokka 7 òg, så her vert det korkje kaffi eller te. Ikkje ein gong ein kopp orkar eg å syne fram; eg drikk julebrus! På pinnane har eg nettopp fullført [...]

Nærleik

Eg har fått ei flott utmerking frå Ruth, og det gjer meg stolt! Her er ho: “The blog invests and believes the PROXIMITY – nearness in space, time and realationship! These blogs are exceedingly charming. These kind bloggers aim to find and be friends. They are not interested in prices or self-aggrandizement. Our hope is [...]

Hald det for deg sjølv?

Sjølv eg kjenner at eg er nøydd til å kommentera at Blondinbella fortel om eit seksuelt overgrep ho har vorte utsett for. Eg var innom Maria Mytterist sin knakande gode post om overgrep, og ramla derifrå inn til Blondinbella og hennes postar frå ho vart utsett for overgrep og dagane etterpå. I den nyaste posten, [...]

Høg kjendisfaktor!

Create Fake Magazine Covers with your own picture at MagMyPic.com Subscribe to People Magazine at a 37% discount!

Verdsvevens løyndomar

Eg sit og ser igjennom dei ulike søkeorda folk har nytta når dei har funne sida min, og her kan ein til dømes utan tvil sjå kva for tid på året det er, utan å sjekke kalenderen. Det søkeordet som toppa lista i desember til dømes, var adventsdikt. Med dette søkeordet kjem denne sida opp [...]

Slapp bloggeveke

Denne veka har alle dagane vore travle. Måndag, onsdag, torsdag og fredag var det arbeid, tysdag hadde vi kjempekoseleg besøk av pappa og Synnøve, i går var eg og Tor Inge på bursdag, og i dag skal eg på arbeid att. Neste fridag er torsdag. Eg gler meg allereie!

God helg!

På surferunde etter noko så interessant som kake, fann eg denne på Kunstkakeriet. Synast den var ekstremt flott og dessutan passa den så bra. I kveld har eg og mannen barnefri. Han hadde tilbod om å delta på teambuilding saman med jobben, men i og med at vi nesten ikkje har sett kvarandre i det [...]

Trønderskrøne

I bloggen til Tromp fann eg ei trønderskrøne de bør lesa: The Tromp Tower: Arti trønderhistorieTrøndarar fornektar seg ikkje.